Skittresken kraftverk

Registreringsnummer
6934
Saksnummer
201208035
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.12.2016
Tiltakshaver
STATSKOG GLOMMA AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hattfjelldal
Vassdragsområde
155.D62
Søkt produksjon
8,00 GWh

 

Løyve til Skittresken kraftverk

 

NVE gjev Statskog Energi AS løyve til å byggje Skittresken kraftverk i Hattfjelldal kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 8 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 400 husstandar.

 

 

Skittresken kraftverk er planlagd i Skittreskelva med reguleringsmagasin og overføring av Vesterelva. NVE gjev konsesjon til bygging av Skittresken kraftverk etter justert plan. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfold og reindrift.

 

Overføringa av Vesterelva til Skittreskvatnet ligg ovanfor tregrensa. NVE meiner at ei smal og terrengtilpassa rørgate som er nedgavd og revegetert heile vegen ned til reguleringsmagasinet, vil dempe noko av konfliktane med det opne landskapet. Skittreskvatnet vert passivt regulert med 0,5 m. På tappestrekninga nedenfor Skittreskvatnet finst naturtypen karstgrotte som verdsett til å ha medels verdi. NVE meiner at høg minstevassføring frå inntaka og reguleringsmagasinet i stor grad vil ta vare på livsmiljøet i og langs elvene og i grotta og dempe ulempa for landskap og friluftsliv. Anleggsperioden skal avtalast med Ubmeje sameby som har reindrift i området.

 

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skittresken kraftverk på nærare fastsette vilkår.

 

Les meir om Skittresken kraftverk.

 

Kontaktpersonar:

 

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24/913 97 771