Straumsbotn kraftverk

Registreringsnummer
6129
Saksnummer
201003283
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
28.04.2016
Tiltakshaver
BEKK OG STRØM AS
Fylke
Troms
Kommune
Senja
Vassdragsområde
195.53Z
Søkt produksjon
6,20 GWh

NVE gjev løyve til Bjørgelva kraftverk, Middagselva kraftverk og Øvre Tømmerelv kraftverk i Sørreisa kommune. Djupelva kraftverk i Lenvik kommune og Tverrelva kraftverk, Straumsbotn kraftverk og Sørelva kraftverk i Berg kommune får avslag. NVE gjev samstundes løyve til uttak av vatn til Djupelva vassverk.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 24 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1200 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 24,5 GWh/år.
Landskap, friluftsliv og reindrift har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.
NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei 4 kraftverka som har fått avslag.