Konsesjonssak
Støyldalen kraftverk
NVE gjev løyve til Støyldalen kraftverk i Håtveitåi, medan søknad om Klovefoss kraftverk i same vassdrag vert avslått.
Støyldalen kraftverk vil produsere om lag 8 GWh/år i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 400 husstandar. Klovefoss kraftverk kunne produsert om lag 5 GWh/år.
Sentralt tema i NVE si vurdering er landskap og inngrepets omfang. Bortfall av ein markert foss og stor inngrep knytt til røyrtraseen for Klovefoss kraftverk er forhold som veier tungt i NVE si vurdering. Området rundt Støyldalen kraftverk ligg meir utligjengelig til. Det er registrert to viktige naturtypar i området. Den eine, ei viktig slåttemyr, er ein utvald naturtype. NVE meiner at med ein endra røyrtrasé og vilkår knytt til utføring av anleggsarbeid, vil naturtypane ikkje bli nemneverdig skadelidande.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Sakshandsamar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66