Kjøljua kraftverk

Registreringsnummer
5772
Saksnummer
200902425
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
20.03.2013
Tiltakshaver
VOKKS KRAFT AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Nordre Land
Vassdragsområde
012.EDA2Z
Søkt produksjon
7,30 GWh

NVE seier nei til søknad frå VOKKS Kraft AS om løyve til bygging av Kjøljua kraftverk i Nordre Land kommune i Oppland av omsyn til raudlista artar og ein naturtype med stor verdi.

Grunna store konfliktar med naturverdiar vart søknaden avslått utan høyring. Grunngivinga for avslaget er at det langs Kjøljua er ei bekkekløft med stor verdi og ei rekke raudlista artar. Utbygging av Kjøljua kraftverk ville truga bestandar av mellom anna lavartane mjuktjafs og trådragg. Etter NVEs syn vil ei utbygging difor ikkje vere i samsvar med Olje- og energidepartementet sine retningslinjer forløyve til småkraftverk.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gir difor ikkje løyve til Kjøljua kraftverk.