Rusdal kraftverk

Registreringsnummer
5230
Saksnummer
201103863
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.06.2014
Tiltakshaver
Rusdal Kraftverk SUS
Fylke
Rogaland
Kommune
Lund
Vassdragsområde
026.BF
Søkt produksjon
18.80 GWh

NVE gjev positiv innstilling til NK Småkrafts søknad om løyve til Rusdal kraftverk, og Småkraft AS sine søknadar om løyve til Steinbergdalen og Flatestøl kraftverk med regulering av Vigelandsvatn. NVE har anbefalt at det ikkje gis løyve til Dalane Krafts søknad om Skårdal kraftverk.  

NVE har handsama søknadar om løyve til fire kraftverk i Lund kommune i Rogaland. Dei fire kraftverka er i konflikt med et Samla plan-prosjekt med overføringar til Finså kraftverk. NVE har ikkje myndigheit til å fatte vedtak i saker som er i konflikt med Samla plan-prosjekter, og har difor skreve innstilling til Olje- og energidepartementet (OED), som vil avgjere sakene.

Ei utbygging etter NVE si anbefaling vil gi ei samla årleg produksjonsauke av fornybar energi på om lag 30 GWh.

 

Rusdal kraftverk

NVE meiner utbygginga har få negative konsekvensar for allmenne interesser, samstundes som det gjev noko meir produksjon enn det som er vanleg for eit småkraftverk. NVE anbefaler derfor at OED gjve NK Småkraft løyve til å byggje kraftverket.

 

Steinbergdalen, Flatestøl og Skårdal kraftverk

NVE har hatt samstundes høyring og samla vurdering av tre kraftverk i vassdraget Skåråna. Småkraft AS søkjer om løyve til Steinbergdalen og Flatestøl kraftverk, inkludert ei regulering av Vigelandsvatn. Dalane Kraft søkjer om løyve til Skårdal kraftverk. Området har verdiar knytt til natrumangfald, landskap og friluftsliv, og den samla belastninga i området og vassdraget har vore sentralt i NVEs vurdering. Dei tre omsøkte kraftverka vil fraføre vatn på nær heile strekninga av Skåråna. NVE meiner at ei utbygging av heile vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser.

Etter NVE sin vurdering er det Skårdal kraftverk som er det mest konfliktfylte av dei tre. Nedre delar av Steinbergdalen, der Skårdal kraftverk er planlagt, har stort naturmangfald med fleire viktige naturtypar. Fraføring av vatn vil mellom anna svekke kvalitetane i ei viktig bekkekløft. Ut frå ei samla vurdering har NVE difor anbefalt at OED gjev løyve til Steinbergdalen og Flatestøl kraftverk og også løyve til regulering av Vigelandsvatnet med 0,5 m. Samstundes anbefaler NVE at OED ikkje gjev løyve til Skårdal kraftverk.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66