Stensrud kraftverk

Registreringsnummer
5080
Saksnummer
201306269
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
02.10.2017
Tiltakshaver
ØDERUD FOSSEKOMPANI AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Modum, Øvre Eiker
Vassdragsområde
012.B4A4
Søkt produksjon
2.55 GWh

NVE har gjeve Øderud Fossekompani AS løyve til å byggje Stensrud kraftverk i Modum og Øvre Eiker kommunar i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 2,55 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 130 husstandar.

Stensrud kraftverk vil nytte eit fall på ca. 22 m i Bingselva mellom inntak på kotehøgde ca. 87 og kraftstasjon på kotehøgde ca. 66. Vassvegen på om lag 190 m er planlagt som nedgraven røyr.

NVE legg vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Verknadene er primært knytt til redusert vassføring og mogelege konsekvensar for fisk og eventuelle førekomstar av elvemusling. NVE meiner desse ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og utforminga av inntaket. Tiltaket er etter vår vurdering ein del dyrare enn samanliknbare prosjekter, men gitt avgrensa ulemper for allmenne interesser er ikkje dette gjeve avgjerande vekt.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og har difor gjeve løyve til bygging av Stensrud kraftverk.