420 kV spenningsoppgradering Sogndal-Aurland og Sogndal-Ramnaberg

Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201305024
Status
Søknad
Dato
01.03.2019
Fylke
Sogn og Fjordane
Kommune
Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal

NVE har motteke konsesjonssøknad frå Statnett SF for spenningsoppgradering av 300 kV-leidningen Sogndal-Aurland til 420 kV, og for delstrekninga Sogndal-Ramnaberg på leidningen Sogndal-Hove. Leidningane vil erstatte noverande leidning Aurland-Fardal og delstrekninga Sogndal-Ramnaberg. 

Leidningen Sogndal-Aurland vil vere om lag 49,3 km lang og leidningen Sogndal-Ramnaberg om lag 18,4 km lang. Statnett har utarbeida konsekvensutgreiing for leidningane.

Statnett søkjer òg om ekspropriasjonsløyve for grunn og rettar for å byggje og drive dei omsøkte leidningane etter oreigningslova.