Søknad - Midlertidig fravik fra manøvreringsreglementet - Tyin kraftverk - HYDRO ENERGI AS - Fravik fra minstevannføring; - 12.01.2026 til 14.01.2026- Referansenr:LTVEXC

Registreringsnummer
9817
Saksnummer
202524937
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Midlertidig tillatelse, vrl § 8
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
HYDRO ENERGI AS
Fylke
Vestland
Kommune
Årdal
Vassdragsområde
074.CA0

NVE gir løyve til at Hydro Energi AS kan fråvike kravet om slepp av minstevassføring mellom Tyin og Torolmen i inntil 10 timar i perioden 12.–14. januar 2026.  

Hydro Energi AS skal gjennomføre ein inspeksjon og skanning av lukesjakt og lukepropp på Tyinosen. Dette må gjerast fordi det er avdekt eit avvik på tappearrangementet i konsekvensklasse 4. Hydro Energi har fått ei tidsfrist frå Damtilsynet i NVE på 4 månader for å utbetre avviket. Dagens minstevassføringskrav på 0,3 m3/s mellom Tyin og Torolmen sleppast i tappeløpet som skal inspiserast. Det er derfor nødvendig å stengje vassleppet for at arbeidet kan utførast på ein sikker måte. For å redusere påverknaden vil Hydro Energi sleppe noko ekstra vatn i forkant av perioden utan minstevassføring. NVE ber i tillegg om at reduksjon i vassføring skjer sakte, slik at fisk kan søkje tilflukt i kulpar.