Søknad - Midlertidig fravik fra manøvreringsreglementet - Borgund kraftverk - ØSTFOLD ENERGI AS - Tapping under LRV ; - 01.03.2025 til 30.04.2026- Referansenr:AAWJMT
- Registreringsnummer
- 9572
- Saksnummer
- 202502473
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Midlertidig tillatelse, vrl § 8
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 01.03.2025
- Tiltakshaver
- ØSTFOLD ENERGI AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Lærdal
- Vassdragsområde
- 073.C12
Søknad om fråvik frå manøvreringsreglementet for magasin Flågrunnsvotni i Lærdal kommune
NVE gir Østfold Energi AS løyve til å mellombels senke vasstand i ein avgrensa del av
magasin Flågrunnsvotni under LRV, til kote 1446,0, i inntil to månader i perioden
1.3.2025–30.4.2025 eller 1.3.2026–30.4.2026.
NVE har fått ein søknad frå Hywer AS på vegne av konsesjonær Østfold Energi AS, datert
24.01.2025, om løyve til å mellombels senke vasstand i ei avgrensa del av magasin
Flågrunnsvotni til kote 1446,0. Magasin Flågrunnsvotni har HRV på kote 1473,3 og LRV på
kote 1458,5. Dei søker om fråvik over to periodar: 1.3.2025-30.4.2025 og
1.3.202630.04.2026. Det er berre ein av dei alternative periodane som vert nytta.
Bakgrunn for søknaden om å senke vasstand i magasinet er for å utføre nødvendig
tilkopling av Gravdalen kraftverk. Sjølve arbeidet vil ta inntil eit par veker, men då det kan
vere krevjande vêrtilhøve i området søkast det om ein periode på 2 månadar.