Mjåsund settefiskanlegg

Registreringsnummer
8280
Saksnummer
201836921
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
13.02.2020
Tiltakshaver
Ukjent
Fylke
Vestland
Kommune
Gulen
Vassdragsområde
068.3

NVE gjev Firda Seafood Group AS løyve etter vassressurslova § 8 til å regulere og ta ut vatn frå Mjømnevatnet og Randalsvatnet i Gulen kommune. Vatnet skal nyttast i Mjåsund settefiskanlegg. Reguleringa og vassuttaket vil ha små konsekvensar for allmenne interesser.

Firda Seafood Group AS skal bygge eit nytt settefiskanlegg i Mjåsund. Ved hjelp av resirkuleringsteknologi skal dei produsere 6000 tonn/6 millionar laks.

Det er gjeve løyve til å regulere Mjømnevatnet 2,5 m og Randalsvatnet 0,5 m. Vatn frå Randalsvatnet skal overførast til Mjømnevatnet med sjøleidning. Det er gjeve løyve til eit maksimalt vassuttak på 200 l/s og eit gjennomsnittleg vassuttak på 50 l/s.

NVE har sett krav om minstevassføring heile året av omsyn til mellom anna sjøaure i vassdraga. Det skal sleppast minstevassføring på høvesvis 25 l/s og 10 l/s frå Randalsvatnet og Mjømnevatnet.