Kraftverk i Hunnselva - innføring av nye konsesjonsvilkår

Registreringsnummer
7623
Saksnummer
201205829
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Endring i vilkår
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
12.03.2018
Tiltakshaver
VOKKS KRAFT AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Gjøvik
Vassdragsområde
002.DC

Olje- og energidepartementet pålegg Vokks Kraft AS å sleppe minstevassføring frå inntaka til Breiskallen kraftverk og Åmot kraftverk i kommunane Gjøvik og Vestre Toten.

I vilkåra i konsesjonane som blei gjeve på 80-talet til Breiskallen, Åmot og Brufoss kraftverk var det opna for at minstevassføring kunne bli pålagt når forholda i Hunnselva var blitt betre.

OED meiner at minstevassføringa må vere på 300 liter i sekundet i sommarhalvåret og 180 liter i sekundet i vinterhalvåret for begge kraftverka. Grunngjevinga for pålegget er omsynet til fisk, landskap/friluftsliv og vasskvalitet.

OED vil ikkje rå til at det blir gitt pålegg om minstevassføring i Brufoss kraftverk. Her vil nytta ikkje stå i forhold til kostnadar og krafttap, då elva går i kulvert under riksveg 4 på denne strekninga.

NVE kan seinare gje pålegg om biotoptiltak i elva dersom dette vil betre tilhøva for fisk ytterlegare.