Fossheim kraftverk

Registreringsnummer
7598
Saksnummer
201503081
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
14.12.2017
Tiltakshaver
Fossheim Kraft (SUS)
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Fjord
Vassdragsområde
099.2A0
Søkt produksjon
6,00 GWh

NVE gjev avslag til Dyrdøla, Fossheim og Myklebust kraftverk, medan Rødøla kraftverk får løyve. Alle kraftverka ligg i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket som har fått løyve vil produsere om lag 5 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 18,1 GWh/år.


Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVE si vurdering av desse småkraftsakane i Norddal. Alle sakene som fekk avslag ligg i verna vassdrag; Dyrdøla, Fossheim (Norddalsvassdraget) og Myklebust kraftverk (Valldøla). NVE meiner desse kraftverka strir imot vernegrunnlaget i vassdraga. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpasningar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.


NVE meiner Rødøla kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi.


For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til  prosjektet som har fått løyve.

 

 

Fossheim kraftverk  – Fossheim kraft (SUS)
Grunneigarane vil nytte fallet i Herdøla mellom kote 130 og kote 55. Herdøla er del av det verna Norddalsvassdraget. Det er planlagt å byggje eit Coandainntak som er ca. 25 m langt og 2,5 m høgt. Tilløpsrøyret har diameter 1000 mm og vert nedgrave i heile si lengd på 770 m. Det søkjast om bygging av opptil ca. 100 m ny veg.


Middelvassføringa ved inntaket er 3,15 m3/s og hovudalternativet i kraftverksplanane er planlagd med ei maksimal slukeevne på 1,66 m3/s. Det søkast også om eit redusert alternativ med slukeevne på 1,55 m3/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 0,99 MW, og vil etter plana gje ein årsproduksjon på 6,0 GWh, ved største alternativ. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 900 m lang elvestrekning. Det er planlagd å sleppe ei minstevassføring lik 5-persentilnivå på 1155 l/s sommartid (1.5-30.9) og 240 l/s resten av året.

Klagesak er avgjort (2021). NVEs vedtak er opprettholdt. Departementet mener at en utbygging vil være i konflikt med verneverdiene i form av fysiske inngrep og redusert vannføring.