Hofoss kraftverk
- Registreringsnummer
- 7325
- Saksnummer
- 201306989
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.12.2019
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Kongsvinger
- Vassdragsområde
- 002.FC
- Søkt produksjon
- 3,10 GWh
Ikkje løyve til Hofoss kraftverk i Hedmark
NVE avslår søknaden frå Hofoss kraftverk (SUS) om løyve til å byggje Hofoss kraftverk i Kongsvinger kommune. NVE meiner ei utbygging vil ha negative verknader for edelkreps, som er en svært sårbar art i Glommavassdraget. NVE har lagt stor vekt på dei negative konsekvensane tiltaket kan ha for bestanden av edelkreps i Skasåa. Edelkreps er ein sterkt trua art, og det er gjort funn av arten på og nedanfor utbyggingsstrekninga. I Glommavassdraget er arten nær utrydda, og NVE meiner derfor at bestanden av edelkreps i Skasåa er spesielt sårbar og risikoen for skade på edelkrepsbestanden i Skasåa er stor. NVE legg føre var-prinsippet til grunn i avslaget. Samtidig meiner vi at prosjektet bidrar til liten produksjon, og har ein noko høg utbyggingspris, og derfor i mindre grad kan bære negative konsekvensar. Hofoss kraftverk ville hatt ein årleg produksjon på 3,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 155 husstandar.