Kvernhusfossen kraftverk

Registreringsnummer
7317
Saksnummer
201307610
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
08.09.2016
Tiltakshaver
MODALEN KRAFTLAG SA
Fylke
Vestland
Kommune
Modalen
Vassdragsområde
064.20
Søkt produksjon
8,63 GWh

Ikkje løyve til Kvernhusfossen kraftverk

 

NVE har ei gruppe på 8 søknadar til handsaming om bygging av småkraftverk i Modalen kommune i Hordaland. NVE gjev avslag til Kvernhusfossen kraftverk før planlagd synfaring.  Avslaget er grunngjeve med store negative konsekvensar for landskap.

Kvernhusfossen kraftverk er planlagt med ein installert effekt på inntil 2,7 MW og kraftverket vil då gje ein årleg produksjon på omlag 8,6 GWh/år.

NVE har gjort vedtak på eit tidleg tidspunkt, då prosjektet skilde seg ut med et høgt konfliktnivå. På grunnlag av den høge konfliktgraden meiner NVE at Kvernhusfossen kraftverk kan handsamast som ein eigen sak i forhold til dei 7 andre sakene som blei send ut på høyring i Modalen kommune.

NVE meiner Kvernhusfossen har så stor verdi for landskapet i Modalen at det i seg sjølv er tilstrekkeleg for å avslå søknaden. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å bygge kraftverket.

Modalen kommune og Fylkesmannen har fremja motsegn mot prosjektet. I tillegg har prosjektet møtt stor motstand i den offentlege høyringsrunda. NVE sitt syn er samanfallande med samtlege høyringspartar som har teke stilling i saka.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Avdelingsingeniør Henrik Langbråten,          tlf.: 22 95 94 18