Gudåa kraftverk

Registreringsnummer
7157
Saksnummer
200800696
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
26.06.2015
Tiltakshaver
MERAKER KRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Meråker
Vassdragsområde
124.C3Z
Søkt produksjon
11,20 GWh

NVE gjev Meråker Kraft AS løyve til å byggje Gudåa kraftverk i Meråker kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra produsere om lag 11,2 GWh/år. Dette svarar til straumbruken til om lag 560 husstandar.

NVE legg vekt på at ein utbygging av Gudåa kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effekter for miljø og brukarinteresser.

 

Utbygginga vil nytte fallet mellom kote 355 og kote 105 i Gudåa. Vassvegen skal gå i tunell frå inntaket og ned til kote 305. Inntaket skal være veglaust. Frå påhugget skal røyrgata være nedgraven langs eksisterande veg ned til kraftstasjonen.

 

For å ta vare på verdiar knytt til akvatisk miljø og landskap er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring på 170 l/s i sommarsesongen og 85 l/s resten av året i Gudåa. Det er sett krav til omlaupsventil i kraftverket.

 

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Gudåa kraftverk.