Brekkefossen kraftverk

Registreringsnummer
7146
Saksnummer
200803805
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.08.2014
Tiltakshaver
BREKKEFOSSEN KRAFTVERK AS
Fylke
Vestland
Kommune
Fjaler
Vassdragsområde
082.5Z
Søkt produksjon
9,30 GWh

 

NVE gjev Brekkefossen kraftverk AS løyve til å bygge Brekkefossen kraftverk i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 9 GWh, noko som svarar til straumbruken til 450 husstandar.

 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Brekkefossen kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Brekkefossen kraftverk vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 89 m i Storelva, med inntak på kote 333 og kraftstasjon på kote 244. Vatnet skal førast i røyr frå inntaket til kraftstasjonen og vassrøyret skal ligge nedgrave i grøft heile strekninga.

Brekkefossen Kraftverk AS har også tidlegare søkt om løyve til bygging av Brekkefossen kraftverk. NVE avslo då søknaden med den grunngjevinga at tiltaket ville vere i konflikt med vassdraget si verd som eit markert landskapselement i Vassdalen. I etterkant av vedtaket har Brekkefossen kraftverk AS sendt ein endra søknad der inntaket er flytt til kote 333 nedanfor dei mest konfliktfylte områda.

NVE vurderer det slik at med ei utbygging der inntaket plasserast som no omsøkt, vil tiltaket ikkje føre til vesentlege ulemper for ålmenta. Samstundes vil tiltaket gje omlag 9 GWh/år i fornybar energiproduksjon. Vi har på bakgrunn av dette gjeve Brekkefossen kraftverk AS løyve til bygging av Brekkefossen kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Kontaktpersonar:

seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216

avdelingsingeniør Bjørnar H. Roalkvam, tlf. 22959471