Skorgeelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 6965
- Saksnummer
- 201208316,202117909
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 18.12.2015
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT GREEN BOND 2 AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Rauma
- Vassdragsområde
- 103.5Z
- Søkt produksjon
- 18,00 GWh
Seks løyve og fire avslag til små-kraftverk i Nesset og Rauma kommunar
NVE gjev løyve til Kvidalselva og Skorga kraftverk i Nesset kommune, og Skorgeelva, Morgådalselva, Loftdalselva og Rabbelva kraftverk i Rauma kommune. Fire av kraftverka, Strandelva kraftverk i Nesset kommune og Smøråa, Høgseterelva og Kavlifoss kraftverk i Rauma kommune får avslag. Dei seks kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 65,4 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 3270 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 30,3 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verdfullt naturmangfald og landskap har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner gjev minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon. For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege til å bøte på ulempene som ville ha følgt av kraftverka som fekk avslag.