Osdalen kraftverk
- Registreringsnummer
- 6956
- Saksnummer
- 201208193
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 26.09.2014
- Tiltakshaver
- TUSSA ENERGI AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Volda
- Vassdragsområde
- 094.4F
- Søkt produksjon
- 15,70 GWh
NVE har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Volda kommune i Møre og Romsdal. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til to. For eitt kraftverk har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve.
NVE har gjeve løyve til kraftverka Osdalen, Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva i Volda kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Botnaelva kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen.
NVE sendte i mars 2014 tilråding til OED om Osdalen kraftverk pga. konflikt med eit Samla plan-prosjekt. Det viste seg seinare at søknaden likevel ikkje var i konflikt med Samla plan, og NVE ga løyve til Osdalen kraftverk 26.09.2014.
Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2300 husstandar.
Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. Verdfullt naturmangfald, landskap og samla belasting i området har vore sentralt i NVE si vurdering. Botnaelva kraftverk var tatt til behandling tidlegare, men er vurdert saman med dei sju andre søknadene.
NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.