Riva kraftverk

Registreringsnummer
6935
Saksnummer
201207961
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.11.2015
Tiltakshaver
ØSTERDALEN KRAFTPRODUKSJON AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Tynset
Vassdragsområde
002.JEAZ
Søkt produksjon
4,90 GWh

Løyve til Riva kraftverk i Tynset

 

NVE gjev Østerdalen Kraftproduksjon AS løyve til å bygge Riva kraftverk i Tynset kommune i Hedmark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4,9 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 240 husstandar.

 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Riva vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

 

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 650 moh og 425 moh. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskap og biologisk mangfald. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak.

 

NVE har vurdert tiltaket til å medføre små negative ulemper for naturmiljøet. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i Riva. Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa berre få lokale verknader, og den er dermed ei akseptabel utbygging.

 

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesse og gjev difor løyve til bygging av Riva kraftverk på nærare fastsette vilkår.

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18 / 92 09 70 70