Togrovi kraftverk

Registreringsnummer
6872
Saksnummer
201207442
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
15.12.2017
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
062.BA0
Søkt produksjon
9,40 GWh

 

NVE gjev løyve til Kleivelvi, Storagroe, Tverrelvi og Bjørndalen kraftverk i Voss kommune. Søknadane om Urdlandselvi og Togrovi kraftverk får avslag. 

Dei fire kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 31,6 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1580 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 16 GWh/år.

Naturens mangfald, landskap og tilhøvet til vassdragsvernet i Vossovassdraget har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei to kraftverka som har fått avslag.