Segadal kraftverk
- Registreringsnummer
- 6832
- Saksnummer
- 200806367
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 24.06.2013
- Tiltakshaver
- SEGADAL KRAFT AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Hjelmeland
- Vassdragsområde
- 035.42Z
- Søkt produksjon
- 11,00 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 11.04.2024
NVE gjev Segadal Kraft (SUS) løyve til å bygge Segadal kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 11 GWh, noko som svarar til straumbruken til 550 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Segadal kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
NVE avslo i 2012 søknad frå Segadal Kraft (SUS) om løyve til Segadal kraftverk. NVEs grunngjeving var stor konflikt med landskapsverdiane i Jøsenfjorden. Søkjar har i ettertid sendt inn ein planendringssøknad. I vedtaket har NVE late det telje sterkt at tiltaket ikkje lenger bryt med kvalitetane i fjordlandskapet. Kraftstasjonen er no flytta oppstrøms den mest markerte fossen, slik at fossen vert verna. Skjemmande inngrep som skjeringar og røyrgate ned mot fjorden vert også unngått.
I vilkåra har NVE understreka at tiltaket i planlegging, utføring og istandsetting skal tilpassast landskapet. Konsekvensane for landskapet vil etter NVEs syn ikkje lenger vere skjemmande i eit større landskapsrom, men vere av meir lokal karakter. Det er fastsett ei minstevassføring på 100 l/s i sommarsesongen for å ta vare på nokre av landskapskvalitetane på utbyggingsstrekkja. Det meste av dette skal sleppast i det austre, ikkje så markerte løpet. Resten av året er det sett krav om ei minstevassføring på 20 l/s.
Kontaktpersonar: seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216 overingeniør Kristine Naas, tlf. 22959766