Veringsåe kraftverk

Registreringsnummer
6755
Saksnummer
201205185
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
26.10.2016
Tiltakshaver
VERINGSÅE KRAFT AS
Fylke
Agder
Kommune
Bykle
Vassdragsområde
021.JAB
Søkt produksjon
5,42 GWh

Løyve til Veringsåe kraftverk

 

NVE gjev Veringsåe Kraft AS løyve til å bygge Veringsåe kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 5,4 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 270 husstandar.

 

NVE legg vekt på at ei utbygging av Veringsåe kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

 

Veringsåe kraftverk vil nytte eit fall på 56 m i Veringsåe mellom inntaket på 910 moh. og kraftstasjon på 854 moh. Vassvegen på om lag 600 m er planlagt nedgraven på heile strekninga.

 

NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald, landskap og brukarinteresser. NVE har lagt vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogleg. NVE har og fastsett ei minstevassføring på 210 l/s om sommaren og 50 l/s om vinteren.

 

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Veringsåe kraftverk.