Neverdalselva kraftverk

Registreringsnummer
6602
Saksnummer
201200235
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.04.2017
Tiltakshaver
NORSK OMIPOWER AS
Fylke
Nordland
Kommune
Vefsn
Vassdragsområde
149.61Z
Søkt produksjon
8.70 GWh

NVE gjev løyve til Kjerringåga, Kaldåga og Neverdalselva kraftverk i kommunane Lurøy og Vefsn. Heimstadelva, Langset, Forselva, Skjerva og Reinfjellelva kraftverk i kommunane Lurøy, Nesna, Leirfjord og Vefsn får avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 26 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1300 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 48 GWh/år. Reindrift, naturmangfald og landskap har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei fem kraftverka som har fått avslag.