Tverråa kraftverk

Registreringsnummer
6548
Saksnummer
201107609
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
TVERRÅA KRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Fyresdal
Vassdragsområde
019.DB2A0
Søkt produksjon
1,90 GWh

NVE gjev Tverråa Kraft AS løyve til å byggje Tverråa kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark. Utbygginga er planlagt i verna vassdrag. NVE meiner ei utbygging med redusert slukeevne ikkje vil vere i konflikt med verneverdiane og at utbygginga vil ha større nytte enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser.

Tverråa Kraft AS har fått løyve til Tverråa kraftverk i Tverråa i Fyresdal kommune. Kraftverket vil nytte eit fall på 300 m og ha ei forventa årleg produksjon på om lag 1,9 GWh. Dette svarar til straumbruken til 95 husstandar.

Tverråa ligg i det verna vassdraget "Området vest for Fyresvatn". Verneverdiane er hovudsakeleg knytt til fornminner og friluftsliv. NVE meiner disse verneverdiane ikkje blir råka ved ei utbygging. Vassuttaket det er søkt om er høgt i verna vassdrag. For å ivareta ei naturleg og variert vassføring også etter utbygginga er eit av vilkåra at det ikkje kan tas ut meir enn halvparten av berekna middelvassføring.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og har difor gjeve løyve til bygging av Tverråa kraftverk på nærare fastsete vilkår.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66