Briksdal minikraftverk

Registreringsnummer
6440
Saksnummer
201104670
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.03.2012
Tiltakshaver
BRIKSDAL MINIKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Stryn
Vassdragsområde
088.1C
Søkt produksjon
1,05 GWh

NVE gjev Briksdal Minikraft AS løyve til å auke slukeevna i Briksdal minikraftverk i Stryn kommune i Sogn og Fjordane.

Briksdal minikraftverk vart sett i drift i 2007. Det vert no gjeve løyve til å auke slukeevna frå 530 l/s til 1060 l/s. Dette vil medføre ein auke i årleg produksjon på om lag 1,1 GWh, og med ein samla produksjon på 2,5 GWh vil minikraftverket forsyne om lag 100 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 560 kW. Utbygginga nyttar eit fall på 66 m og ei strekninga på 590 m i Briksdalselva har redusert vassføring. Det skal sleppast minstevassføring lik alminneleg lågvassføring på 110 l/s i elva.

Anlegget er allereie i drift og det vert ingen nye inngrep i området. Det vert sett inn ein ekstra turbin med tilhøyrande generator i kraftstasjonen. Det vil bli mellom 1 og 3 veker ekstra i året der det berre renn alminneleg lågvassføring i elva.

Tiltaket ligg i Oldenvassdraget som er eit verna vassdrag. Vernegrunnlaget er mellom anna store naturvitskaplege interesser. I samband med konsesjonssøknaden er det teke prøver av botndyrfaunaen i elva. Det vart ikkje funne spesielle samfunn av fjøremygg i elva. NVE meiner at tiltaket ikkje vil påverke moglege biologiske interesser og at det dermed ikkje er i strid med verneverdiane.

Turisme er ei svært viktig næring i området og elva er eit viktig landskapselement i høve til dette. NVE meiner at desse interessene ikkje vil bli negativt påverka av tiltaket. Dei ekstra vekene med lågvassføring vil vere tidleg vår og haust, i ein periode då det er lite turisme i området. I sommarsesongen er vassføring stor i elva på grunn av smeltevatn frå breen. NVE vurderer at det auka uttaket av vatn i denne perioden ikkje vil vere nemneverdig synleg.

I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til auka slukeevne i Briksdal minikraftverk.

Kontaktpersonar: Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 22