Vesle Kjela kraftverk

Registreringsnummer
6414
Saksnummer
201104306
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
11.02.2014
Tiltakshaver
STATKRAFT ENERGI AS
Fylke
Telemark
Kommune
Vinje
Vassdragsområde
016.BEE7
Søkt produksjon
25,00 GWh

NVE har gjeve Statkraft Energi AS løyve til å byggje Vesle Kjela kraftverk i Vinje kommune i Telemark.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Vesle Kjela kraftverk vil gje ein viss ny årleg fornybar og regulerbar energiproduksjon, og såleis gje ei betre utnytting av eit vassdrag som allereie er regulert.

Vesle Kjela vil bli det øvste kraftverket i greina Tokkevassdraget, og kraftverket vil nytte fallet frå det regulerte Kjelavatnet. Kraftstasjonen er planlagt bygd i fjell, nordaust for tappeluka ved Kjelavatnet, og vil få ein installert effekt på 5 MW. Med ei minstevassføring tilsvarande kravet i Kjelåi nedstraums, er årleg produksjon berekna til 25 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar.

NVE meiner at ulempene med ei utbygging hovudsakleg er eventuelle negative verknader ved redusert vassføring gjennom Vesle Kjelavatn og moglege forstyrringar ovanfor villreinbestanden i anleggsperioden. Ved fastsetting av minstevassføring og avgrensingar i anleggsperioden finn likevel NVE at det er ei akseptabel utbygging.

NVE vurderer såleis nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Vesle Kjela kraftverk på nærare fastsette vilkår.