Kjerringnes kraftverk

Registreringsnummer
6375
Saksnummer
201103007
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.11.2014
Tiltakshaver
KJERRINGNES KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Luster
Vassdragsområde
077.C22
Søkt produksjon
25,80 GWh

Løyve til to og avslag til to småkraftverk i Luster

NVE har handsama fire kraftverksøknadar i Veitastrond i Luster kommune, Sogn og Fjordane fylke. NVE gjev løyve til kraftverka Ugulsvik og Kjerringnes, medan Øvre Storelvi og Nedre Storelvi får avslag.

Alle fire kraftverka er planlagd i tilknyting til elvar som renn inn i Veitastrondsvatnet i Luster kommune.
Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 36 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 1800 husstandar. Prosjekta i Storelvi kunne samla gitt om lag 28 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverka. Verdfullt naturmangfald, geologi, landskap og friluftsliv har vore sentralt i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til ein betydeleg ny fornybar energiproduksjon.

NVE har sett vilkår til dei enkelte prosjekta for å redusere de negative verknadane for ålmenne interessene. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.


I den heilskapelege vurderinga har NVE òg teke med dei positive effektane ytterlegare konsesjonar vil ha i kostnadsfordelinga knytt til den planlagde 66 kV linja frå Hafslo til Veitastrond, då det allereie er gitt løyve til fem andre småkraftverk som enno ikkje er bygd.

Les meir om kvart enkelt kraftverk:

Les meir om Ugulsvik kraftverk(Luster Småkraft AS)

Les meir om Kjerringnes kraftverk(Kjerringnes Kraft AS)

Les meir om Storelvi Øvre kraftverk (Storelvi Kraft AS)

Les meir om Storelvi Nedre kraftverk (Storelvi Kraft AS)

 

Konsesjonen for Kjerringnes kraftverk ble 28.08.2017 overført til Kjerringnes Kraft AS.

Kontaktpersonar
Sakshandsamar Rune Moe, tlf. 22 95 93 15
Seksjonssjef: Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216