Yndestadhølen kraftverk

Registreringsnummer
6371
Saksnummer
201102911
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
21.12.2016
Tiltakshaver
Yndestadhølen Kraft SUS
Fylke
Sogn og Fjordane
Kommune
Fjaler
Vassdragsområde
082.D0
Søkt produksjon
3.60 GWh

NVE gjev ikkje løyve til Yndestadhølen og Øyrafossen kraftverk, medanTjøredalselva og Lønnebotn kraftverk får løyve. Alle dei planlagde kraftverka ligg i det verna Guddalsvassdraget i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 7,1 GWh straum i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 350 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 9,1 GWh/år.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta. Alle prosjekta ligg i Guddalsvassdraget, som ble verna i verneplan IV.
Verknad på verneverdiane har vore det viktigaste tema i NVEs vurdering. Verneverdiane er mellom anna knytt til vassdraget si verdi som type- og referansevassdrag, biologisk mangfald, kulturminner, friluft- og landbruksinteresser. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som ikkje er i konflikt med verneverdiane, samstundes som dei har liten konflikt med andre ålmenne interesser. NVE har lagt vekt på at kraftverka bidrar med produksjon av fornybar energi.
For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Det er etter NVE si meining ikkje mogeleg å endra prosjekta som har fått avslag på ein måte som gjer at verneverdiane ikkje vert svekka.

Kontaktperson: Seksjonssjef Øystein Grundt tlf. 22 95 93 89/901 98 216