Sørdalselva kraftverk

Registreringsnummer
6118
Saksnummer
201003452,201836806
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
02.09.2014
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Vanylven
Vassdragsområde
093.2BZ
Søkt produksjon
8,10 GWh

NVE gjev fem løyve og eit avslag på småkraftverk i Vanylven og Vågsøy kommunar.

 

NVE har handsama seks kraftverkssøknadar i Vanylven og Vågsøy kommunar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. NVE gjev løyve til fem av kraftverka. Eit av kraftverka får avslag.

NVE gjev løyve til kraftverka Tenneelva, Sørdalselva, Helgåa, Kasseelva i Vanylven kommune og Høgelida i Vågsøy kommune. Dei fem kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 34 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 1700 husstandar. Samstundes har NVE avslått søknad om bygging av Brandefjellet kraftverk i Vanylven. Verdifullt landskap, friluftsliv, biologisk mangfald og samla belastning har vore sentralt i NVE si vurdering. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverka. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner gjev minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett vilkår til dei enkelte prosjekta for å redusere dei negative verknadane for allmenne interessa.