Fiskløysa kraftverk

Registreringsnummer
6117
Saksnummer
201003377
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.07.2015
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 1 AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Lierne
Vassdragsområde
307.3AB2Z
Søkt produksjon
16,40 GWh

NVE gjev løyve til Skogkraft AS til å byggje Fiskløysa kraftverk i Lierne kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 16,4 GWh per år. Dette svarar til straumbruken til 820 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Fiskløysa kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser. Utbygginga vil nytte fallet mellom 502 moh og 316 moh i Fiskløysa. Vassvegen skal gravast ned på hele strekninga. Det skal byggast veg frå dagens skogsbilveg til inntaket og til kraftstasjonen. For å ta vare på verdiar knytt til akvatisk miljø og landskap er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring i Fiskløysa på 300 l/s i sommarsesongen og 100 l/s resten av året. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fiskløysa kraftverk.

Konsesjonen for Fiskløysa kraftverk ble 11.01.2017 overført til Fiskløysa kraftverk AS.