Dyrdalselva kraftverk

Registreringsnummer
5988
Saksnummer
201000223
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
26.02.2016
Tiltakshaver
Dyrdal Kraft AS
Fylke
Vestland
Kommune
Høyanger
Vassdragsområde
070.11Z
Søkt produksjon
9,30 GWh

NVE gjev løyve til Kråkeelvi kraftverk i Balestrand kommune, TVK kraftverk i Vik kommune, Dyrdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Kvammadalselvi kraftverk i Aurland kommune. Brekka kraftverk i Balestrand kommune, Skjerdal kraftverk i Aurland kommune og Tura kraftverk i Vik kommune får avslag.

Dei fire kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 51,7 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 2585 husstandar. Prosjekta som får avslag kunne samla ha gjeve om lag 39,3 GWh.

 

Søknadane er behandla samtidig for best mogleg å kunne gjere ei heilskapleg vurderinga av verknadane frå småkraftverka. Verdifullt landskap og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. Det er gjeve konsesjon til dei kraftverka NVE meiner gjev minst konflikt i forhold til allmenne interesser, og som samtidig vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon.

 

For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av dei fire prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå dei tre kraftverka som har får avslag.