Berge kraftverk

Registreringsnummer
5898
Saksnummer
201104860
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Planendring
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.12.2012
Tiltakshaver
FJÆRLAND KRAFT AS
Fylke
Sogn og Fjordane
Kommune
Sogndal
Vassdragsområde
078.21Z
Søkt produksjon
1.20 GWh

NVE har motteke ein planendringssøknad frå Småkraft AS, datert 22.12.2011, om Berge og Bjåstad kraftverk i Sogndal kommune.

Småkraft AS fekk konsesjon på Berge og Bjåstad kraftverk 29.06.2009. Det vert no søkt om ei endring av dette prosjektet. Søkjar vil endre tiltaket frå å vere eitt kraftverk som gjer nytte av to elver til å vere to separate kraftverk, Berge kraftverk og Bjåstad kraftverk. Inntaket i Bjåstadelva vert flytta frå kote 395 til kote 520, og inntaket i Bergselva frå kote 395 til kote 430. Det vil verte separat vassveg for kvar elv og to kraftstasjonar. Den samla slukeevna til dei to kraftverka vert redusert frå 3,2 m3/s til 2,79 m3/s. Samla installert effekt for dei to kraftverka vil auke frå 10,4 MW, som er det konsesjonsgitte, til 11,0 MW. Berekna årleg produksjon vil auke frå 36,5 GWh til 38,8 GWh.

Bakgrunnen for denne endringssøknaden er vanskar med å etablere inntak på same kotehøgd i dei to elvene, mellom anna på grunn av rasfare.

Søknaden skal handsamast etter reglane i kap. 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8. Søknaden med vedlegg vert lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker. Viss de ønskjer papirutgåve av søknaden, kan de kontakte Trygve Matthiessen (Småkraft AS) på tlf. 41 85 00 61 eller e-post: Trygve.Matthiessen@smaakraft.no. Vidare syner vi til vedtak og vassdragskonsesjon for det opphavlege prosjektet, som også er å finne på www.nve.no/konsesjonssaker.

Dette brevet er sendt til alle som uttala seg til den opphavlege konsesjonssøknaden. NVE ønskjer no tilbakemelding på planendringssøknaden i forhold til det opphavlege prosjektet som har fått konsesjon.

NVE føretrekkjer at fråsegner vert sendt oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som råd og seinast innan 09.03.2012. I tillegg kan ein sende fråsegner per e- post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Fråsegner eller delar av fråsegna vert referert i eit endeleg vedtak. Om fråsegna er lang, er det difor ein fordel om det vert utarbeidd eit samandrag som kan brukast til dette.