Kaldåga kraftverk

Registreringsnummer
5826
Saksnummer
200904508
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
11.02.2014
Tiltakshaver
SMÅKRAFT USPP 1 AS
Fylke
Nordland
Kommune
Narvik
Vassdragsområde
173.310
Søkt produksjon
5,30 GWh

NVE gjev Nordkraft småkraft AS løyve til å byggje Kaldåga kraftverk i Ballangen kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 275 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Kaldåga kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 308 moh og 15 moh. Vassvegen vil bli 850m lang og rørgata vil vere nedgraven heile strekninga. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til reindrift og terrengmessig tilpassing. Med krav om samarbeid mellom søkjar og Frostisen reinbeitedistrikt i planlegging og gjennomføring av utbygginga og minstevassføring heile året, meiner NVE at ulempene vert redusert i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer at inngrepa berre vil få lokale verknader, og at det dermed er ei akseptabel utbygging. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Kaldåga kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Konsesjonen ble 22.12.2016 overført til Aurora Bygg og Anlegg AS.