Sesselva kraftverk

Registreringsnummer
5810
Saksnummer
200903774
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
12.05.2014
Tiltakshaver
SESSKRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Vestnes
Vassdragsområde
102.62Z
Søkt produksjon
16,70 GWh

 

NVE har gjeve Sesskraft AS løyve til å byggje Sesselva kraftverk i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.

 

NVE har gjeve konsesjon til ei utbygging av Sesselva kraftverk etter omsøkt hovudalternativ. Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 325 i Hoemselva og kote 53 i Sesselva. Sesselvaskal overførast frå kote 345 til inntaket i Hoemselva via ei nedgrave røyrgate. Vassvegen frå hovudinntaket til kraftstasjonen skal også vere nedgraven heile vegen.

 

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Sesselva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på i overkant av 16 GWh, noko som tilsvarar forbruket til 800 husstandar.

 

For å ta vare på verdiar knytt til naturtypen bekkekløft og oppretthalde noko av den økologiske balansen i elvane, er det krav om å sleppe ei minstevassføring på 135 l/s i sommarsesongen og 40 l/s resten av året i Sesselva, og ei minstevassføring på 270 l/s i sommarsesongen og 40 l/s resten av året i Hoemselva. Dette er også eit viktig avbøtande tiltak for å ivareta Liafossen som landskapselement. Det skal leggast særleg vekt på omsynet til den avgrensa rik-/beite-/slåttemyra ved Sessetra i utforminga av overføringa frå Sesselva til Hoemselva.


NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Sesselva kraftverk på fastsette vilkår.

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fremja motsegn til Sesselva kraftverk. Vedtaket er ikkje endeleg før motsegna er avklara i Olje- og energidepartementet.