Nørlandselva kraftverk

Registreringsnummer
5792
Saksnummer
200903026
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.04.2016
Tiltakshaver
NØRLANDSELVA KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Masfjorden
Vassdragsområde
067.10
Søkt produksjon
12,56 GWh

NVE har handsama fem kraftverksøknadar i Masfjorden kommune i Hordaland. NVE gjev løyve til Nørlandselva, Fossdalen, Sandneselva og Haugsvær kraftverk, medan Sulelva kraftverk får avslag.

Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 29 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1450 husstandar. Prosjektet som fekk avslag kunne ha gjeve 9,2 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap og biologisk mangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse ålmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om mildnande tiltak som til dømes storleik på minstevassføring til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpasningar ikkje vere tilstrekkeleg for å få løyve til å byggje kraftverket som fekk avslag.