Viddal kraftverk

Registreringsnummer
5788
Saksnummer
200703397
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.06.2009
Tiltakshaver
TUSSA ENERGI AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Ørsta
Vassdragsområde
097.322Z
Søkt produksjon
17,70 GWh

NVE har gjeve Tussa Energi AS løyve til å bygge Draura og Viddal kraftverk i Ørsta kommune, Møre og Romsdal. Kraftverkene vil gje ein årleg produksjon på om lag 22 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1100 husstandar.

Draura og Viddal kraftverk ligg i Viddalen og vil til saman nytte eit fall på rundt 460 meter over om lag 3,5 km. Det er gjeve løyve til å overføre Tverrelva nord til inntaket for Draura kraftverk og Sætreelvane til inntaket for Viddal kraftverk. Det er ikkje gjeve løyve til å overføre Tverrelva sør til inntaket for Draura kraftverk.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 100 liter i sekundet frå 1. mai til 30. september, og 30 liter i sekundet resten av året for Draura kraftverk. For Viddal kraftverk er minstevassføringa satt til 300 liter i sekundet i frå 1. mai til 31. oktober, og 70 liter i sekundet resten av året. Av omsyn til landskapsinteresser og friluftsliv er det ikkje gjeve løyve til å overføre Tverrelva sør. Det er lagt vekt på at vannvegen skal leggjast slik at kulturmiljøet ved Elbertstøylen ikkje vert påverka og at viktige kulturminne ved det planlagde Viddal kraftverk heller ikkje vert øydelagde.

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølgjing i byggjetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knyta til utbygginga vert avgrensa i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.