Storbekken kraftverk

Registreringsnummer
5752
Saksnummer
200901768
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
06.11.2013
Tiltakshaver
STORBEKKEN SMÅKRAFTVERK AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Alvdal
Vassdragsområde
002.M62
Søkt produksjon
5,90 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 06.11.2023

 

NVE gjev løyve til å bygge Storbekken kraftverk. Tiltaket ligg i Alvdal kommune i Hedmark.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Storbekken vil vere bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

To grunneigarar har søkt om løyve til å bygge Storbekken kraftverk. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til villrein og biologisk mangfelde. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i elva av omsyn til artar som er avhengig av fuktig miljø generelt. Adkomstveg til inntaket skal avstengast med ein bom. Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa berre få lokale verknader og dermed ei akseptabel utbygging.

NVE vurderer at dei samla negative verknadane av utbyggingen kan aksepterast, sett i forhold til nytten av forventa kraftproduksjon i Storbekken kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Storbekken kraftverk på nærare fastsette vilkår.