Simavika kraftverk

Registreringsnummer
5699
Saksnummer
200900282
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.06.2010
Tiltakshaver
TROMSØ KOMMUNE
Fylke
Troms
Kommune
Tromsø
Vassdragsområde
200.4
Søkt produksjon
4,50 GWh

NVE gjev Tromsø kommune løyve til bygging av Simavika kraftverk i Tromsø kommune, Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til 225 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 211 m frå Damvann til utlaup i sjøen. Damvann har vore regulert i nær 100 år. Sida 1970-talet har vatnet vore nytta som kommunal kjelde til drikkevatn. Damvann er i dag reservevasskjelde for kommunen. Tromsø kommune har fått løyve til å regulere vatnet frå HRV på 216,1 og ned til kote 209,4, som vert LRV for kraftproduksjon. Total reguleringshøgde for Damvann er 12 m.

Frå Damvann renn Tverrelva, som gjennom dei siste 100 åra har vore nær tørrlagt store delar av året. Når vatnet skal regulerast til kraftproduksjon vil det bli noko mindre flomvassføring i Tverrelva. Det er ikkje funne vegetasjon av nokon verdi knytt til vatnet i Tverrelva, og NVE har ikkje pålagt slepp av minstevassføring i Tverrelva.

Eksisterande røyrgate vil nyttast og forlengast med om lag 155 m. Turbinen vil plasserast i den gamle kraftstasjonsbygningen eller i eit nytt hus ved sida av.

Tiltaket krev få nye inngrep, og alle nye inngrep ligg i eit område som er prega av tekniske inngrep. Kraftverket vil nytte eit magasin som allereie er regulert. Tiltaket vil gje kraft som vil nyttast til vassbehandling, og kraftverket vil såleis redusera driftskostnadar for vassverket. Resten av krafta vil førast ut på straumnettet. Utbygginga er etter NVE sitt syn akseptabel i høve til private og allmenne interesser.