Gullbergelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5660
- Saksnummer
- 200800645
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 05.12.2011
- Tiltakshaver
- GULLBERGELVA KRAFTVERK AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Åfjord
- Vassdragsområde
- 135.3D0
- Søkt produksjon
- 8,00 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 05.12.2021
NVE gjev Gullgruva Kraft A/S løyve til å bygge Gullbergelva kraftverk i Åfjord kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 8,0 GWh, noko som svarar til straumbruken til 400 husstandar.
Kraftverket er planlagt med installert effekt på 2700 kW. Utbygginga vil nytte eit fall på 206 meter og vil føre til at ei elvestrekning på om lag 1500 meter får redusert vassføring. Det vil og bli noko vegbygging.
Utbygginga vil medføre negative verknader for landskap og tap av inngrepsfrie naturområde. På utbyggingsstrekninga finst den prioriterte naturtypen bekkekløft. Ingen raudlista artar er påvist, men enkelte regionalt uvanlege arter er funne. Kraftverket vil ligge i eit område med reindrift. NVE meiner det vil vere mulig å avbøte ein del av dei negative verknadene.
NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Gullbergelva kraftverk på fastsette vilkår.