Fjerdingelva kraftverk

Registreringsnummer
5655
Saksnummer
200900003
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.08.2014
Tiltakshaver
FJERDINGELVA AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Grong
Vassdragsområde
139.D3Z
Søkt produksjon
14,50 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 28.08.2024

 

NVE gjev Namdal Kraft AS løyve til å byggje Fjerdingelva kraftverk og overføre Steinåa i Grong kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 14,5 GWh, noko som svarer til straumbruken til 725 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Fjerdingelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Fjerdingelva kraftverk vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 89 meter i Fjerdingelva og Steinåa, med inntak på høvesvis kote 249 og 260, samt kraftstasjon på kote 160. Vatnet skal førast i røyr frå inntaka til kraftstasjonen, og vassrøyra skal ligge nedgrave på heile strekninga.

For å ta vare på naturverdiar, landskap og oppretthalde noko av den økologiske balansen knytt til elvane, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring på 240 l/s i Fjerdingelva og 60 l/s i Steinåa i sommarsesongen. Resten av året er det sett krav om 120 l/s for Fjerdingelva og 40 l/s for Steinåa. Det er sett krav om avbøtande tiltak for reindrift gjennom at anleggsperiode og ferdsel teke omsyn til reindrifta. Ein skånsam og god teknisk utføring er viktig for å redusere landskapsinngrepa.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fjerdingelva kraftverk og overføring av Steinåa på nærare fastsette vilkår.

Konsesjonen for Fjerdingelva kraftverk ble 18.11.2016 overført til Fjerdingelva AS.