Fossbråten kraftverk

Registreringsnummer
5639
Saksnummer
200804659
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
01.09.2011
Tiltakshaver
FOSSBRÅTEN KRAFTVERK AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Nord-Aurdal
Vassdragsområde
012.L1A
Søkt produksjon
7,80 GWh

NVE gjev Fossbråten kraftverk AS løyve til å bygge Fossbråten kraftverk og overføring av sidebekk i Nord-Aurdal kommune i Oppland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 7,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 390 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 2,9 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 240 meter og vil føre til at ei elvestrekning på om lag 1250 meter får redusert vassføring. Det vil òg bli noko vegbygging.

På utbyggingsstrekninga finst den prioriterte naturtypen bekkekløft og den raudlista arten gubbeskjegg er registrert. Nedre del av Leiraelva har gode gyte- og oppveksttilhøve for aure frå Strondafjorden. Denne strekninga ligg nedstraums utbyggingsområdet.

NVE legg vekt på at tiltaket vil gje ca. 7,8 GWh årleg ny fornybar energi. Også omsynet til gyte- og oppveksttilhøve for aure, naturtypar, landskap og kulturminne er vektlagt. Av omsyn til vasstilknytta organismar og anna biologisk mangfald på utbyggingsstrekninga har NVE fastsett ei minstevassføring på 50 l/s heile året. Det er òg krav om installasjon av automatisk forbisleppingsventil.

Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.