Styrkesneselva kraftverk

Registreringsnummer
5599
Saksnummer
200805329,202305261
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.12.2012
Tiltakshaver
STYRKESNESELVA KRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Sørfold
Vassdragsområde
167.4Z
Søkt produksjon
5,00 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 19.12.2022

 

Løyve til Styrkesneselva kraftverk

Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra  produsere om lag 5,0 GWh i året. Dette svarar til det årlege straumforbruket til om lag 250 husstandar. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 1,34 MW.  Utbygginga vil nytte eit fall på 72 m og med det redusere vassføringa i Styrkesneselva på ei ca. 800 m lang strekning.

Det er sett vilkår om at vatnet skal førast i nedgravne røyr. Røyrgata vil følgje ein eksisterande traktorveg, og denne vegen rustast opp som permanent tilkomstveg til inntaket. Av omsyn til reindrift skal  ei utbygging skje i nært samarbeid med Stájggo Hábmer reinbeitedistrikt,  og det er mellom anna aktuelt med prosjekttilpassingar i inntaksområdet. For å unngå forstyrring for reindrifta har NVE opna for at vegen kan  stengast med bom. Styrkesneselva har bestandar av både laks og sjøaure, og NVE har difor gjeve pålegg om installasjon av omløpsventil for å hindre at fiskeyngel strandar ved driftsstans/nettutfall i kraftstasjonen. Det skal heile året sleppast minstevassføring på 200 l/s. Det er ikkje registrert spesielle miljøverdiar som blir direkte råka av ei kraftutbygging, og NVE meiner at Styrkesneselva kraftverk gjennom ei skånsam utbygging gjev overvegande fordelar for ålmenne og private interesser.