Seterfossen kraftverk

Registreringsnummer
5586
Saksnummer
200707178
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
15.02.2010
Tiltakshaver
Ulvig Kiær AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Namsskogan
Vassdragsområde
139.E4Z
Søkt produksjon
10,60 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 15.02.2020.

 

NVE gjev Ulvig Kiær AS og Mona og Kjell Asgeir Trones løyve til å bygge Seterfossen kraftverk i Namsskogan kommune, Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 10,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 530 husstandar.

Ulvig Kiær AS og Mona og Kjell Asgeir Trones har søkt om løyve til å bygge Seterfossen kraftverk i Flåttådalselva i Namsskogan. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 3,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 10,6 GWh.

Elvestrekninga er relativt brei med svaberg i elvebotnen. Topografien gjer at elva stort sett ikkje er synleg. Det går ein skogsveg inn til planlagt inntak, og røyrgata vil stort sett bli nedgraven i denne vegen. Vegetasjonstypane i området er vurdert til å være vanleg førekommande i Flåttådalen. Det er ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen eller inntaksområdet. Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskapet. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Seterfossen kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar
seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59