Øvrebø kraftverk

Registreringsnummer
5549
Saksnummer
200806553
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.12.2014
Tiltakshaver
ØVREBØ KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Sunnfjord
Vassdragsområde
084.E2Z
Søkt produksjon
9,90 GWh

 Utsatt byggefrist. Ny frist er 19.12.2024

 

 

 

 

 

Løyve til to og avslag til fem småkraftverk i Jølster og Gloppen

 

 

 

 

 

 

 NVE har handsama sju kraftverksøknadar i kommunane Jølster og Gloppen i Sogn og Fjordane. NVE gjev løyve til Helgheim og Øvrebø kraftverk, medan Åmot, Driva, Kupekraft, Paulen og Neselva II kraftverk får avslag.

 

 

Dei to kraftverka som har fått løyve vil til saman produsere omlag 17 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til omlag 850 husstandar. Kraftverka som fekk avslag ville samla gjeve omlag 100 GWh/år dersom dei vart bygde. Det er inntil i dag ikkje gjeve avslag til kraftprosjekt i Jølster kommune, og det er tidlegare avslått kun to prosjekt i Gloppen kommune.

 

Vurdert under eitt
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Sentrale tema i NVE si vurdering har vore; verdfullt naturmangfald, landskap, kulturlandskap og kulturminner, friluftsliv og samla belasting på vassdragsnaturen. NVE har gjeve konsesjon til dei to kraftverka som gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser. Etter NVE si vurdering vil tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.