Veiski kraftverk

Registreringsnummer
5514
Saksnummer
200803813,202117909
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.12.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 2 AS
Fylke
Nordland
Kommune
Sørfold
Vassdragsområde
166.DA
Søkt produksjon
20,20 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 19.12.2022

 

NVE har gjeve løyve til Siso Energi AS for ei vasskraftutbygging i øvre delar av Fagerbakkvassdraget

Veiski kraftverk nyttar fallet frå eit namnlaust vatn som ligg nedafor Veiskivatnet. Vatnet har vore omtalt som ”vann kote 791” i saka. Fallet ned til kraftstasjonen som er planlagt ved Rundvatnet er på om lag 122 meter. Vatnet skal førast i tunnel over ei strekning på ca. 800 meter, og deretter førast i nedgravne røyr med ei lengd på ca. 580 meter. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,9 MW, og vil i eit normalt år produsere om lag 20 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til 1000 husstandar.

NVE har sett vilkår om differensiert minstevassføring. I august og september skal det sleppast 700 l/s forbi inntaket, resten av året er kravet til minstevassføring 100 l/s . Dette er til dels i tråd med sesongmessig lågvassføring. Den høge minstevassføringa i august og september er i hovudsak knytt til naturopplevinga av Veiskielva og Veiskifossen. Samstundes meiner NVE at minstevassføringa sikrar vekst- og leveforhold for vassdragstilknytt flora og fauna. Det er funne enkelte samiske kulturminne som Siso Energi AS må omgå for å kunne byggje ut. Det er vidare lagt vekt på ei skånsam utbygging, som så langt som mogeleg skal sikre vegetasjon og beiteområde for tamrein, og som tar omsyn til sår i terrenget/landskapet.

Med dei fastsette vilkåra, meiner NVE at fordelane med ei utbygging av Veiski kraftverk er større enn skader og ulemper for private og ålmenne interesser, og at ei  utbygging difor kan aksepterast.