Tverrgjuvlo kraftverk

Registreringsnummer
5491
Saksnummer
200802600,201836806
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
12.12.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
062.BA0
Søkt produksjon
16,60 GWh

NVE gjev BKK Produksjon AS løyve til å bygge Tverrgjuvlo kraftverk i Voss kommune i Hordaland. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 16 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 800 husstandar.

Tverrgjuvlo kraftverk vil etter justerte planar nytte ei fallhøgd på 380 m, med inntak på kote 470 og kraftstasjon på kote 90. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til ca. kote 135. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgrave i grøft.

Konsekvensane for allmenne interesser er primært knytt til fossen i Tverrgjuvlo som landskapselement, men også naturmangfaldet knytt til sjøaure, to lokalt viktige naturtypar og raudlistearten olivenlav. Kraftverkets slukeevne er redusert i forhold til opphavleg søknad slik at det blir meir vatn i fossen. NVE har elles lagt til grunn at den pålagde minstevassføringa saman med biotopjusterande tiltak vil sikre oppvekstforholda for sjøaure.

NVE vurderer det slik at ein gjennom detaljplanlegginga kan få redusert ulempene for ålmenta. Tiltaket vil gje om lag 16 GWh/år i fornybar energiproduksjon. Vi har på bakgrunn av dette gjeve BKK Produksjon AS løyve til bygging av Tverrgjuvlo kraftverk på nærmare fastsette vilkår.

Konsesjonen ble overført til Småkraft AS 04.10.2018.