Nyvikelva kraftverk

Registreringsnummer
5485
Saksnummer
200802261,201836806
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
04.07.2011
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Raarvikhe – Røyrvik
Vassdragsområde
307.3BC5Z
Søkt produksjon
5,10 GWh

NVE gjev NTE Energi AS løyve til å bygge Nyvikelva kraftverk i Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 230 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 83 meter i Nyvikelva frå inntak på kote 536,5 til kraftstasjon på kote 453,5, og naturleg vassføring vil endrast på ei om lag 1440 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Utbygginga vil ikkje gi vesentlege negative verknader for natur- og landskapsverdiar. NVE meinar at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadene for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Nyvikelva kraftverk.

Konsesjonen ble overført til Småkraft AS 04.10.2018