Tesgjolo kraftverk

Registreringsnummer
5443
Saksnummer
200801384
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
07.11.2014
Tiltakshaver
SMÅKRAFT USPP 1 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
062.E1Z
Søkt produksjon
5,60 GWh

 

NVE gjev Tesgjolo Kraft AS løyve til å byggje Tesgjolo kraftverk i Voss kommune i Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 5,6 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 280 husstandar.

 

Tesgjolo kraftverk er planlagd i elva Tesgjolo, ei sideelv til Bordalselva. Elva er del av det verna Vossovassdraget. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Tesgjolo kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar, og at det ikkje vil røre ved verneverdiane til vassdraget.

 

På store deler av råka strekning finst naturtypen bekkekløft og bergvegg. Naturtypen er verdsett til regional verdi. I avgjerda har NVE lagt vekt på at slukeevna er ikkje er høg, slik at det vil gå en del vatn i elva sommartid. Saman med ei høg minstevassføring meiner NVE at naturtypen i stor grad vil takast vare på. Tiltaksområdet er liten synleg i landskapet og kraftverket vil ikkje vere i konflikt med friluftsliv.

 

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tesgjolo kraftverk på nærare fastsette vilkår.