Bøen Kraft II

Registreringsnummer
5435
Saksnummer
200801769
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.10.2011
Tiltakshaver
BØEN KRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Hjelmeland
Vassdragsområde
033.2D
Søkt produksjon
9,68 GWh

NVE har gjeve Bøen Kraft AS løyve til å bygge Bøen Kraft II i Hjelmeland kommune i Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 9 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 450 husstandar.

Bøen Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Bøen Kraft II i Bønaråna i Hjelmeland kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 9 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 260 meter og endre naturleg vassføring på ei 2 km lang strekning av Bønaråna samt 1,2 km av båe Måbekken og Hålandsbekken. Vatnet skal førast i nedgravne røyr frå inntaket i Måbekken til inntaket i Hålandsbekken og mellom inntaka i Hålandsbekken og Bønaråna og til kraftstasjonen.

Tiltaket ligg i eit område prega av kultivert skog. Det er ikkje påvist omsynskrevjande naturtypar i tiltaksområdet men det er friluftsinteresser knytt til området og det er registrert ål i Bønaråna. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Bøen Kraft II på fastsette vilkår.