Bråberg kraftverk

Registreringsnummer
5432
Saksnummer
200801493
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
26.06.2012
Tiltakshaver
Bråberg Kraft AS
Fylke
Hordaland
Kommune
Ullensvang
Vassdragsområde
048.2A0
Søkt produksjon
4,70 GWh

NVE har hatt til handsaming 10 søknadar om bygging av småkraftverk i Sørfjorden i Hordaland. NVE gjer løyve til seks av kraftverka og avslag til fire.

NVE har i eigne vedtak i dag gjeve konsesjon til Storelvi, Espeelvi, Byro, Skiparvik og Bråberg kraftverk i Ullensvang herad og til Sleveåne kraftverk i Odda kommune. Samstundes har vi avslått søknadane om bygging av kraftverka Øvre og Nedre Digraneselvi i Odda kommune, Børve/Deildo kraftverk i Ullensvang herad og Skjeldvikelva kraftverk på grensa mellom Odda og Ullensvang. Dei seks kraftverka som har fått løyve vil, etter dei vilkåra som er sett, produsere om lag 56 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2800 husstandar. Produksjonen for dei kraftverka som er avslått ville totalt blitt på om lag 55 GWh.

NVE har handsama dei 10 søknadane saman for å kunne foreta ei heilskapleg vurdering av konsekvensar som først trer fram når sakane blir sett i samanheng.

I Sørfjorden har omsynet til landskapet vist seg å vere avgjerande for kva saker som fikk løyve og avslag. NVE meiner at det ikkje kan gjevast konsesjon til alle dei 10 kraftverka, fordi dei negative konsekvensane for landskapet i Sørfjorden ville bli for store. Vassdraga er ein viktig del av fjordlandskapet og opplevinga av fossar og stryk i skjeringspunktet mellom fjell og fjord. I tillegg til redusert vassføring vil tekniske løysingar for røyrgate og bruk av vegar også kunne gje til dels store sår i landskapet.

Fylkesmannen har fremma motsegn mot seks av prosjekta. NVE har langt på veg vore einig i Fylkesmannens vurderingar, men har i to saker vurdert at kraftverket likevel bør få konsesjon. Dette gjeld kraftverka Slevåne i Odda kommune og Byro kraftverk i Ullensvang herad. NVE meiner at med krav til teknisk utføring av anlegget vil landskapsinteressene på ein god måte verte ivareteke for både kraftverka.

NVE har lagt vekt på å take vare på dei elvene som vi meiner gjer mest kvalitet og karakter til Sørfjorden, og samstundes få fram dei prosjekta som har minst konflikt med ålmenne interesser. Vi har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta, for å redusera konflikten med dei ålmenne interessene.